Sogn Avis
https://www.sognavis.no/siste-nytt/kultur/forvandla-skjolden-til-kunstutstilling
Forvandla Skjolden til kunstutstilling
Tekst av journalist i Sogn Avis, Julie Falck Husum, 25.06.19:
I Ludwig Wittgenstein si and samla Aud Marit Skarrebo Holmen kunstnarar frå Sverige og Norge til kunstprosjektet ORD og STED i Skjolden.
Det heile byrja med ein idé i 2016: Prosjektleiar, biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen har vore inspirert av den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein sidan slutten av 1990-talet, og ønskja å skapa kunst med fokus på hans relevans for samtida i kombinasjon med tekst og ord i biletkunst. Det resulterte i kunstprosjektet Ord og Sted.
– Prosjektet vart sparka i gong med eit seminar i april i år. Dit kom interessante og relevante føredragshaldarar som snakka rundt tema som til eksempel «Wittgenstein og estetikken» og «ord og tekst i biletkunsten». Dernest hadde me ein workshop i juni der dei sju kunstnarane som er involverte i prosjektet, inkludert meg sjølv, jobba intensivt i to veker for å ferdigstilla kunstutstillinga. Det har vore ein veldig spanande prosess og mykje jobb, men me kom i mål, seier prosjektleiar Aud Marit Skarrebo Holmen.
Viktig samarbeid
Ho fortel at Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har vore ein god støttespelar for kunstprosjektet, med lokalkunnskap om Skjolden og tida Wittgenstein var i bygda.
– Stiftinga Wittgenstein har lenge jobba med å få flytta Wittgensteinhuset tilbake til sin opphavlege plass over Eidsvatnet. Difor var det viktig for oss å ha prosjektet klart til opninga av huset den 20. juni.
Midlertidig
–Kunstutstillinga består av temporære, stadsrelaterte installasjonar, objekt og framsyningar. Hovudsakleg er det difor ein midlertidig utstilling. Eksempelvis hadde Kurt Johannessen ei framsyning, eller «performance», den 19. juni. Elles består kunstverka av blant anna busskur, små skilt, og dikt. Utstillinga i si heilheit, med unntak av framsyningane, er tilgjengeleg fram til 14. august, fortel Aud Marit.
– Ein sentral del av prosjektet er å formidla og utforska Wittgenstein sine tankar, og korleis ord og stad kan påverka og endra kvarandre. Samtidig meiner eg at kunst skal vera tilgjengeleg og ope for alle. Me tolkar kunst forskjellig, og det er det som er så fint.
I Wittgensteins fotspor/ Ei vandring
Ord og Stad er inga ordinær kunstutstilling. Kunstverka er plasserte rundt om i Skjolden, og sjølve utstillinga er lagt opp som ei vandring med tilhøyrande kart og informasjon om kvart enkelt kunstverk og den tilhøyrande kunstnaren.
Den 21. juni var det duka for felles opningsvandring leia av kunsthistorikar Silje Heggren. Det vart ei suksess i følgje Aud Marit.
– Me hadde godt oppmøte på vandringa, heile 45 deltakarar, og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Alt i alt har me fått utelukkande positiv respons på prosjektet, og skjoldingane har vore svært velvillige til å lata oss ha kunstverk midlertidig på eigendommane deira.For dei som gjekk glipp av opningsvandringa, oppmodar Aud Marit til å reisa til Skjolden og oppsøkja kunstverka på eiga hand.
–Kart og informasjon finst lokalt i Skjolden, eller på nettsida vår: www.ordogsted.no.
Intervju på Radio Luster
http://radio-luster.org/mp3/kunst2607.mp3
Aud Marit intervjua av Radio Luster, om Kunstprosjektet ORD og STED